| |
Merkevareplattform og grafisk profil
Merkevareplattform
Balestrand logo
Kommunevåpen
Grafisk element
Fargepalett
Skrift
Brevark Wordmal
Konvoluttar C5 / E*65
Mal: brosjyre, omslag, rapport
Powerpoint
Annonser
T-skjorter
flagg/vimplar
Web-presentasjon
Kontaktinformasjon
|
Merkevareplattform og grafisk profil
I våre overordna planar har vi i Balestrand kommune sagt at
• Kommunen skal vere ein attraktiv stad for lokale næringslivsaktørar
• Fråflyttinga skal stoppast og innbyggjartalet skal aukast til 1500 personer
• Næringane skal styrkast og Balestrand skal utvide sitt tilbod innan ferie og fritid
• Talet heilårsarbeidsplassar skal aukast og det skal vere tilgjengeleg areal for de som ønsker
å utvide verksemda eller etablere nye verksemd i kommunen.
Samstundes lever vi i ei tid der det er konkurranse om det meste; bedriftene konkurrerar om kundane,
hotella konkurrerar om gjestene, kommunane konkurrerar om å vere attraktive for tilsette og potensielle innflyttarar osv.
Det er på denne bakgrunnen vi har valt å satse på å utvikle ein plattform for kommunikasjon med ein tilhøyrande grafisk profi l. Vi trur ikkje at dette er det einaste tiltaket som trengs for å nå måla, men det er eit av fleire tiltak kommunen skal gjennomføre.
Vi har lagt vekt på at den grafi ske profi len vi her presenterar også kan brukast av bedriftene i Balestrand i den grad dei ønskjer det. Flash-presentasjonen av Balestrand er mynta på turistverksemder, slik at alle har ein felles, god presentasjon som dei kan linke til frå sine heimesider. Vi håper og at Balestrand-logoen og grafisk element kan nyttast i marknadsføringa til di bedrift. Her finn du malar for korleis det skal gjerast.
Einar Målsnes
ordførar
|
|